Annonse
Tidsskriftet: Psykologi i kommunen

Bokanmeldelse

Den lille terapiboken: En kort innføring i psykodynamisk psykoterapi med barn og unge

Psykologi i kommunen nr. 2 2022

Foto: Cappelen Damm akademisk

Foto: Cappelen Damm akademisk

Anmelder: Kirsten Flaten

Publisert:

Kjersti Brænne (2022) Den lille terapiboken. En kort innføring i psykodynamisk psykoterapi med barn og unge. Cappelen Damm Akademisk, 160 sider

Det å være i stand til å føle barnets nød, og ikke bli overveldet av det, er sannsynligvis den viktigste egenskapen for en terapeut. Peter Blake, 2008

Ei kortfatta bok som gjev ein lettfatteleg innføring i eit uutømmeleg tema – terapi.

Forfatteren fortel at ho alt som barn stilte seg spørsmålet om korleis det er å være andre barn, og viser til spesifikk barn som er litt på sida. Og kor ho har stilt seg same spørsmål når ho som vaksen barne- og ungdomspsykiater møter barn, unge og foreldre. Her vert understrekar at kvar og ein av dei ho har møtt har lagt att nokre tankar som ho har tatt med seg videre i arbeid med. Boka er krydra av små narrativ og dikt, som gir ei fin samansetting av fagstoff og emosjonell innsikt. Brænne viser til det viktige i å utvikle sensitivitet for når ein skal prate og når ein skal være stille. Lytte skal ein uansett.

For alle som lurer på skilnad mellom psykoanalyse, psykoterapi og psykodynamisk terapi så er denne boka kort og grei i sine forklaringar. Psykoanalyse vart utviklar av Freud, der hovudprinsippet er å la analysanden få tenke fritt, og så gripe fatt i assosiasjonane for å skjøne dei kjenslemessige reaksjonane. Og ja, analysanden ligg framleis på ein sofa, og terapeuten sit i ein stol. Her kjem og tankar om kva som er skilnad på ego og sjølv. Sjølvet har vore eit stabilt omgrep, det handlar om vår identitet og personlegdom. Omgrepet ego har blitt med inn i den språklege utviklinga, og vert i daglegtale brukt om personar vi opplever som sjølvsentrerte. Det var ikkje heilt slik Freud hadde tenkt at det skulle forståast, men språkleg utvikling går sine eigne vegar. Her må skytast inn at i faglege settingar vil nok ego framleis forståast med bakgrunn i Freud.

Det vert påpeika at terapeuten kjem inn i terapisettinga med seg sjølv som verktøy. Som i alle møte med menneske har vi med oss alle våre tidlegare erfaringar og opplevingar, enten vi er i terapi eller vi er terapeut. I terapirommet kan vi treffe barn eller ungdom som opnar for at vi minnast såre erfaringar frå eigen barndom eller ungdomstid. Det kan utløyse forvirrande og vanskelege kjensler i terapeuten, og utan godt medvet om eigne reaksjonar kan terapeuten overføre desse kjenslene til barnet eller ungdommen. Då er eigne erfaringar og kjensler ikkje ein ressurs, men noko som blindar oss i møte den andre. Brænne seier heilt klart at ho rådar terapeutar til å gå i eigenterapi. Om det er skummelt for ein terapeut, kor skummelt er det ikkje då for eit barn som i tillegg opplever verda som vanskeleg og ikkje har tilgang til eit godt språk for å forklare vanskane? I same kategori plasserast motoverføringsreaksjonar, som og kan være vanskelege å oppdage. Kjenner vi på angst og uro for å ikkje strekke til i den interaksjonen som terapi er, og er det fordi barnet er engsteleg og vi fanger opp dette, eller er det med bakgrunn i eigen erfaring av som barn å aldri være god nok? Brænne påpeiker at det vi kan være sikker på er at noko utspelar seg mellom terapeut og barnet. Her kjem og tydeleg fram at ein terapeut kan kjenne på usikkerheit i rolla si. Og at det kan dukke opp kjensler hjå terapeut som kan være vanskeleg å handtere samstundes som ein skal være lyttande og få ei forståing av kjenslene til den andre. Kva gjer ein når ein som terapeut kjenner at irritasjonen boblar under overflata?

Narrativa som gir boka ei praktisk vinkling har svært stor spennvidde. Her er 15åringen Hans som er deprimert utan synleg årsak, og Oliver på 6 månader som knapt har sove etter at han vart født. Med den følgje at foreldra ikkje har sove heller. Her skildrast Miriam på 14 som vert tynnare og tynnare, og foreldra si uro for framtida til dottera. Terapeuten Marit sine tankar vert og vist fram, og den uroa ho kjenner for å ikkje være god nok i rolla sin. Eller 5årige Victoria som uløyser irritasjon hos terapeuten. Brænne har eit rikhaldig galleri å viser fram for å hjelpe lesar til å få innsikt i kva den enkelte treng, inkludert terapeuten. For ein terapeut har ei rolle som er emosjonelt krevjande. Det vert utløyst reaksjonar både hos ein sjølv eller den som er i terapi som er vanskeleg å forstå. Men som og kan legge grunnlag for helande relasjonar for barn og unge, med den gleda det gjev ein terapeut.

Leiketerapi med undertittelen det viktigaste av alt, viser kvar Brænne plasserer denne måten å arbeide terapeutisk på. Her vises til barn si gryande forståing for seg sjølv, inn mot ein vidare forståing. Barn treng leik, det er eit område dei kan vise at dei er kompetente og handtere verden med alle sine gleder og sorger. Vaksne som går inn i leiken på barn sine premissar er gull vert i barn si utvikling, og i leiketerapi er det naudsynt. Men Brænne viser og til den utviklinga som er i at barn leiker med andre barn, der det er behov for turtaking, sjølvhevding, og å justere eigne idear ut i frå kva gruppa ynskjer. Det inngår i sosiale ferdigheiter, og alt går så mykje lettare for born som har dette godt innarbeidd. Narrativ viser at når barn slit med noko vil det prega korleis dei forheld seg til andre i ein leikesituasjon. Her kjem og fram at leiketerapi er ein god arena for å verte kjend med barn, leik er deira føretrukne aktivitet.

Brænne tek opp samarbeid med foreldre og andre fagfolk, som er ein del av det å arbeid med barn og unge. Av og til ynskjer ikkje ungdomen at foreldre skal få innsyn i den terapien som skjer, og andre gonger kan foreldra inviterast med. Her er det ungdomen som legg premissane. Eit lite narrativ viser foreldra sin reaksjon på lærer sin kontakt med heimen, som slett ikkje utløyste positive kjensler hos foreldra. I ein slik situasjon er det lett å ta foreldra sitt parti, både for å styrke relasjonen med foreldre, og fordi det er lettast der og då. Men i det lange løp er ikkje det ein god handtering av foreldra sin frustrasjon. For å endre slike situasjonar krev det at terapeut har lytta til signal frå foreldra på førehand, og får snudd ein situasjon som kunne enda med konfrontasjon og konflikt. Slik viser Brænne at arbeid med barn og unge også omfattar personar som har viktige roller.

Boka er lett tilgjengeleg for dei flest lesarar, og kapitla kan lesast som for seg. Tema har interesse for alle som har med barn og unge å gjere, og gir gode tips til korleis få til gode samtaler, både med barn og unge generelt, og når nokon treng noko ekstra. Det kan være nyttig i møte med vaksne og, så slik kan boka ha nytte langt utover det terapi rommet der mykje av samtalene referert i narrativa foregår. Studentar i psykologi og på kliniske utdanningar vil ha nytte av boka sin innføring i ulike fagomgrep, og gjennomgang av pionerar som Freud, Winnicot og Stern, gjev innføring i det grunnleggande i ulike nyansar i psykoterapi.

Kommentarfeltet er stengt.