Annonse
Tidsskriftet: Psykologi i kommunen

Til refleksjon

Odd - ei novelle

Psykologi i kommunen nr. 4 2021

Av: Ranveig Lovise Bungum

Publisert:

Sist oppdatert: 15.09.2021 kl 12:57

Han tar av seg jakka, heng den opp. Han kjenner det strammar i skuldrane og i nakken. Det er eit press i bakhovudet som han så gjerne skulle blitt kvitt. Han kjenner det hadde vore godt å legge seg nedpå.

Det er ikkje rom for middagskvil for nokon av dei. Ettermiddagane krev dei begge. Ho som har jobben sin på sjukehuset. Turnusarbeidet som gjer at ho strevar med søvnen. Om nokon skulle kvile middag, så var det vel ho. Han høyrer det no, på stemma hennar. Ho nærmar seg eit punkt der ho nokre gonger berre går, går ut, går vekk. Ho kjem att, han veit det. Ho har sagt det, at ho nokre gonger berre treng å gå. Då må han fikse ettermiddagen og kvelden åleine. Han kjenner at han ikkje orkar det i dag. Han lurar på om mora hans er heime. Det blir oftast styr av det og. Kona brukar å bli så irritert når ho kjem tilbake og ser at svigermor har vore der. Ho brukar det mot han, at han ikkje klarar å ta seg av ungane sjølv.

Yngstemann, Odd, tre år yngre enn bror sin, skulegut denne hausten. Det gjekk på eit vis i barnehagen. Men no, etter at han byrja på skulen, no er dagane nesten ikkje til å halde ut. Han ser skulesekkane stå der i gangen. Den eldste sin skulesekk er open. Det betyr at han har tatt ut skulebøkene sine og starta på leksene sine. Truleg er han ferdig.

Han tenker på mailen han fekk på jobb i dag. Han såg den rett før han skulle gå. Odd har hatt ein mindre bra dag på skulen i dag, skriv læraren. Difor må foreldra lese i boka som ligg i sekken. Han kjenner han kvir seg for å opne sekken og ta ut boka som ligg der.

Han bøyer seg ned og opnar sekken til Odd. Alt ligg i eit einaste rot nedi der. Batman-sekken hans, den dei kjøpte i sommarferien. Han ser kladdeboka mellom matboksen, saftflaska, ei våt truse, eit par vottar og leseboka. Dei er komen allereie halvvegs i denne analoge korrespondansen mellom skule og heim. Han opnar boka og finn det som sist er skrive der. Odd har tømt alle fargeblyantane ut over golvet, står det. Han har kasta dei rundt i klasserommet og fleire av dei trefte medelevar i klassen. Det kunne verke som om Odd sikta etter dei andre i klassen. Som følgje av denne siste hendinga, kombinert med alt som har skjedd før, så vegrar dei andre elevane seg for å vere med Odd. Det står at dei må snakke med han og fortelje han at slik går det ikkje an å gjere berre fordi han ikkje fekk den blåfargen han helst ville ha. Odd har ei åtferd som kan skade andre, står det i boka.

Det er rolegare der inne no, han høyrer det. Kanskje ettermiddagen ikkje blir så ille likevel. Han legg boka ned i sekken igjen, tar med seg matboksen og saftflaska på veg opp.

Då ser han henne. Han står bøygd over skulesekken til den yngste og ser difor ikkje ansiktet hennar. Han ser rett i knea hennar, gråe strømpebukser under skjørtet som stoppar rett ovanfor knea.

Ho seier lågt at ho går no, at gutane sit og et middag, at det er mat til han og. Ho seier at ho tar med seg ein bag. Ho skal jobbe seinvakt i morgon. Kan hende at ho søv over hos søstera, men trur nok likevel at ho kjem heim i kveld eller i natt. Ho kler raskt og stille på seg kåpa og støvlettane. Ho stryk han over ryggen, opnar varsamt ytterdøra og går.

Han høyrer stemma til Odd, den går i eitt. Den eldste prøver å ta del i samtalen. Dei snakkar om eit dataspel. Den eldste prøver å forklare Odd, men han kjem ikkje til orde. Odd pratar i eit toneleie som er høgt og monotont. Han høyrer kor den eldste strevar med å følgje bror sin i samtalen.

Han går inn på kjøkkenet. Den eldste ser opp. Odd sit med ryggen til. Han ser i auga til den eldste at han er glad for at faren er her no. Det er som om eldstesonen tenker at han sjølv kan tre av vakt no. Han set seg ned mellom dei. Odd blir stille ei kort stund, før han skiftar samtaleemne enda ein gong.

Han et det som er att av middagsmat. No som han er komen, nyttar den eldste sonen høvet til å gå frå bordet. Han ser på Odd, klarar ikkje la vere å smile av han. Dette ritualet han stort sett alltid har når han reiser seg. Odd slår ut med armane. Så spring han etter bror sin, vil inn på rommet hans, men den eldste har låst døra til rommet.

Han høyrer at Odd er i ferd med å gje seg med å banke på broren si dør. Han orkar ikkje reise seg for å sjekke kva yngstemann no driv med.

Han tar telefonen og sender ei melding til mor si, spør om ho er heime. Så sender han ei melding inn til den eldste sonen og spør om han er ferdig med leksene sine. Kanskje vil han ta ein tur til farmor, pakke med ein bag og overnatte der til i morgon?

Han ryddar av bordet, får alt inn i oppvaskmaskina og set den på. Han høyrer at den eldste stille låser seg ut frå rommet. Sonen kjem inn på kjøkkenet. Han ser at han har pakka ned det han treng for ei overnatting. Denne eldste sonen hans, han som alltid kjem i siste rekke fordi den yngste krev så mykje av dei. Han seier til han at han må helse til farmor, at han må sove godt og at han er glad i han. I morgon er det fotballtrening, der skal dei gå saman. Sonen nikkar, smilar til faren.

Brått står Odd i døropninga og lurer på kven som gjekk, eller om det var nokon som kom. Han ser på yngstesonen sin, kjenner at han blir varm av kjærleik til dette vesle mennesket som strevar sånn i møte med verda han lever i. Han set seg på huk framfor sonen, seier at dei to skal vere saman no. Først kan dei leike litt saman. Etter det må han dusje, så kvelds.

Han skulle gjerne lagt armane rundt sonen, halde han fast slik at sonen kunne kjenne kor glad han var i han. Han veit at det ikkje vil gå.

Så leiker dei, sonen og faren. Det er ein leik på sonen sine premisser. Odd bygger med Lego på golvet. Faren sit ved sida av, prøver å komme inn i sonen sin leik. Odd gløttar bort på faren, tek ikkje i mot korkje forslag eller klossar frå faren.

Han tek fram telefonen og finn funksjonen som tel ned tida. Han viser sonen kor lenge det er til han må gå i dusjen. Odd kikkar bort på telefonen. Då tida er ute og telefonen varslar det, grip Odd legoklossar i begge hendene sine og kastar dei bortover golvet. Faren reiser seg og går ut på badet, sparkar unna kleda som ligg på golvet og set dusjen på. Odd kjem ut på badet. Han seier han skal dusje sjølv, at han får det til.

Dei et graut til kvelds. Odd snakkar ikkje så mykje lenger. Dagen nærmar seg slutten, han er trøyt no.

Det er inga mamma der i kveld. Odd spør etter mamma og han spør etter storebroren. Det ledig plass i fleire senger. Odd seier at han vil legge seg i storebroren si seng.

Odd legg seg heilt inntil veggen. Han ser bort på far sin som sit på stolen. Den blå fargeblyanten, seier Odd, den var min. Det var den som var i pennalet han fekk frå farmor. Guten som sit på pulten ved sida hans, han er ikkje snill, fortel Odd. Det var min fargeblyant, seier Odd. Guten på nabopulten tok den og sette den saman med fargeblyantane som var skulen sine. Odd fortel at då han skulle hente den blå fargeblyanten sin, då var det ein annan som hadde tatt den. Dei har gjort det før, tatt tinga hans. Dei har tømt ut safta hans i vasken og sagt at han ikkje må drikke saft for då tissar han i buksa.

Så snur Odd seg med ansiktet inn mot veggen og ryggen mot far sin. Faren ser på sonen, ser på ryggen hans, ser at akslene hans hever og senker seg i den takten han pustar i. Stille legg faren seg ned ved sida av sonen sin. Han legg handa si varsamt på hovudet hans. Han kjenner at kjærleiken gjer vondt i brystet. Han tenker på utviklingssamtalen dei hadde sist veke der læraren skildra sonen hans som ei tikkande bombe. Det er vondt å tenke på at dei skildrar barnet hans slik. Varsamt stryk han handa over håret til den sovande guten.

Han kjenner seg trekt mellom ønskje om å gje opp og ønskje om å kjempe. Men i morgon startar ein ny dag, å gje opp ikkje er eit alternativ. Ein liten kvil kan han unne seg, åleine i stova med fjernkontrollen. Etter det kan han kjempe. Han skal svare mailen frå læraren. Han skal fortelje om korleis det heile hang saman med fargeblyantane og at dei andre ungane plagar sonen hans.

Så vil han sende ei melding til kona si. Han vil skrive at han håpar ho kjem heim i kveld. Det vil vere fint for han, for dei begge, å ha ein arm å kvile på.

Det er slik det er no, seier han lågt. Kona og ungane, det er det som er livet mitt, tenker han. Han set beina på golvet og går varsamt ut av soverommet utan å trakke på legoklossane som ligg att etter leiken.

Kommentarfeltet er stengt.