Bokanmeldelse

Hjelpelinjer i diffuse landskap

Psykologi i kommunen nr. 1 2019

Anmelder: Birgit Frantzen

Tidsskriftet: Psykologi i kommunen
Forum for psykologer i kommunen

Publisert:

Bokmelding om «Kva ser vi - kva gjer vi» av Inge Nordhaug.

Boka kunne eigentleg heitte «Kva ser vi - kva tyder det vi ser - kva gjer vi - kva gjer vi ikkje - kvifor - kva bør vi gjere - og korleis?» Men eg forstår godt at forfattaren valde den kortare tittelen «Kva ser vi - kva gjer vi». Det gir inntrykk av at boka er konsis og handgripeleg. Og det er den faktisk. Inge Nordhaug gir gode svar på svært mykje i denne boka, som tar for seg skulen og barnehagen sine oppgåver når det gjeld omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep.

Boka starter med å vise til NOU-en frå 2017, «Svikt og svik», og til endringar i rammeplanen for barnehage og grunnskule. På knappe to sider har forfattaren overtydd om bokas viktigheit og relevans. Han forstår at lesaren er ivrig etter praktisk kunnskap. Dermed går han ikkje rundt nokon som helst graut, men rett på saka som er at «omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep er det største helseproblemet vi har». Boka set foreldrerolla og omsorgssvikt inn i ei kulturell og historisk kontekst, og gjer reie for ulike typar omsorgssvikt. Den teiknar opp nokre hjelpelinjer i diffuse områder, til dømes når det gjeld kva som er normal seksualitet og kva som er avvikande. Den svingar vidare innom relevante modeller for å forstå mekanismane i, og konsekvensane av omsorgssvikt. Boka går ikkje djupt inn i noko, men presenterer likevel eit godt grunnlag for å vite kva ein bør sjå etter og legge merke til.

I bokas tredje kapittel får ein konkrete tips og råd om observasjon, loggføring, dokumentasjon og interne rutinar i organisasjonen, foreldresamarbeid, meldeplikt og kven ein kan konsultere. Det er tydeleg at forfattaren har mykje faktakunnskap, men aller mest interessant er det når det dukkar opp kloke betraktningar som tydeleg kjem frå erfaring. Slik klokskap kjem særleg til syne i kapittel fire, som omhandlar kva som hindrar oss frå å gjere noko. Kva gjer våre eigne erfaringar og forventningar med vår tolking av det vi ser? Og kva gjer det med oss å stå i ei krise - som det er når alvorlege forhold vert avdekka eller mistenkt?

Siste del av boka gir ei ryddig gjennomgang av kva som er lurt å tenkje på når ein skal snakke med barnet, og med foreldra. Boka snakkar godt om lærarar si kompetanse i møte med barn, men gjer det tydeleg at når det gjeld samtaler om utfordrande tema er førebuing naudsynt: «Det å være profesjonell er å førebu seg». Til sist får vi ei klargjerande runde gjennom relevant lovverk.

Boka nytter ei kasusforteljing om to sysken gjennom heile boka, og har oppgåver til drøfting etter kvart kapittel. For meg som las boka åleine, vart forteljinga litt lite levande. Eg kan likevel tenkje meg at desse oppgåvene vil vere til stor nytte dersom boka nyttast i undervisningssamanheng eller ein arbeider med innhaldet i gruppe. Punktvise oppsummeringar etter kvart kapittel er og eit godt grep. Gjennom heile boka er språket presist og innhaldet konkret. Det kjennast godt å få systematisert kunnskap på denne måten.

Om du er ute etter oversiktleg presentert kunnskap om kva omsorgssvikt, vald og overgrep er og gjer med barn og unge - hand i hand med konkret informasjon om korleis du kan bidra i kampen mot dette - då er dette absolutt den rette boka. Du vil nok finne den særleg nyttig dersom du jobbar i skule eller barnehage, men den er relevant for ein kvar som møter barn og unge i jobben sin.

Sjølv jobbar eg som psykolog i PPT og har både lest og høyrd mykje om temaet før. Likevel sat eg etter kvart kapittel med ei oppleving av både å ha lært noko nytt, og å ha eit tydelegare omriss på kunnskapen eg hadde frå før. Både viktigheita av arbeidet, kva ein må sjå etter og kva ein kan gjere - står litt tydelegare fram i hovudet mitt no enn før. Ein bok som dette kunne lett ha stått fram som overveldande, fordi det er snakk om eit alvorleg tema med mange aspekt og diffuse linjer, men når ein får det presentert på denne måten verker det slett ikkje diffust. Det verker handgripeleg.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...