Fagfellevurdert

Korleis kan barnehagelærarar fremme god psykisk helse?

Psykologi i kommunen nr. 5 2018

Foto: Foto: shutterstock.com

Av: Astrid Bakken og Kirsten Flaten

Psykologi i kommunen
Forum for psykologer i kommunen

Publisert:

Relasjonskompetanse si betyding for å fremme god psykisk helse for barn i barnehagen.

Samandrag
Artikkelen set søkelyset på små barn si psykiske helse, med bakgrunn i eit sosiokulturelt teoriperspektiv. Formålet er å belyse korleis fremme psykisk helse hos barn i barnehagen ved å jobbe med relasjonskvalitet og personalgruppa. Studien bygger på intervju med fire barnehagelærarar. Resultat viser at psykisk helse og gode relasjonar ikkje blir jobba systematisk med i barnehagane informantane kjem frå.

Abstract
This article focuses on mental health in small children. The theoretical base is in a socio-cultural tradition. The aim is to explore how staff in kindergartens can strengthen mental health in children by systematically working on relational abilities. Data was collected by interviewing four kindergarten teachers. Results indicate that there is a lack of systematic focus on working with mental health and relations in kindergarten.

Nøkkelord; barnehage, psykisk helse, relasjon, relasjonskvalitet.

Innleiing
Relasjonane til vaksne i barnehagen er viktig for å fremme barn si psykiske helse. Drugli (2010) seier at personalet er barnehagen sin viktigaste ressurs, og at samspelet med barna er det som gjev barnehagen konkret innhald og kvalitet. Norsk og internasjonal forsking er klar på at dei vaksne sin kompetanse og relasjon til barna er avgjerande for kvalitet i barnehagen (Brandtzeg, m. fl., 2013).

Positive relasjonar mellom barn og vaksne i barnehagen kan bidra til å førebygge negativ utvikling hos barn i risikogrupper (Drugli, 2010). God relasjon mellom vaksne og barn i barnehagen ser ut til å vere forbundet med betre utvikling og mindre åtferdsproblem (Rapport 2014:1, s. 6). Dei første leveåra er viktig for barn si psykisk helse (Holte, 2012).

Relasjonskvalitet mellom barn og personale kan arbeidast med på mange måtar, men det vil krevje endringsvilje hos personalet, og nokon gangar rettleiing. «Det er viktig at personalet får en økt forståelse av sammenhengen mellom egne oppfatninger, følelser og atferd rettet mot barnet, og at dette igjen er nær knyttet til hvordan barnet fungerer og til relasjonskvaliteten» (Drugli, 2011). Ein fagperson må være i stand til å skape kontakt, etablere en relasjon og stå i den over tid. Barnehagane må diskutera kva som kjenneteiknar positive og negative relasjonar og kva betyding det skal ha.

Barnehagen som ressurs
Noko av det viktigaste som skjer gjennom barndomen, er at barnet lærer om seg sjølv, sin eigen verdi, kva kjensler det har, korleis det kan være saman med andre og korleis det kan arbeide for å meistre ting. Mykje av læringa skjer gjennom korleis barnet blir møtt og behandla av andre (Kvello m. fl., 2010b).

Statistisk Sentralbyrå viser at i 2017 gjekk vel 91 % av norske 1-5 åringar i barnehage. I denne alderen vert mange av dei grunnleggande trekka i personlegdom og kompetanse forma (Kvello m. fl., 2010b). Drugli (2010) og Brandtzeg, m. fl. (2014) seier at personalet er barnehagen sin viktigaste ressurs, og at samspelet med barna er det som gjev barnehagen innhald og kvalitet. Dei vaksne sin kompetanse og relasjon til barna er den avgjerande faktoren for kor god barnehagen er.

Rammeplan (2017) seier at barnehagane skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon for å bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Difor treng personalet kunnskap om korleis førebygge psykiske vanskar. Rammeplan (2017) peiker på viktigheita med refleksjonar over eigne verdiar og handlingar, og dette bør inngå i dei pedagogiske drøftingane til personalet. Brandtzæg m. fl. (2013) peikar på at å skape ein bevisst og aktivt reflekterande kultur i barnehagen er førebyggande.

Barnehagen sitt ansvar for å skape eit godt grunnlag for barn si utvikling og helse tilseier at barnehagepersonalet bør ha grunnleggande kompetanse og medvit om barn si psykiske helse. Linder (2010) hevdar at når personalet blir meir opptatt av vanskelege relasjonar enn av vanskelege barn, ser dei på seg sjølv som del av både problemet og løysinga. Dette opnar for andre intervensjonsmåtar og pedagogiske handlingsrom enn når problemet vert tillagt barnet åleine.

Helsedirektoratet (2007) peikar òg på at om det psykiske helsearbeidet for barn og unge skal få eit godt fotfeste i kommunen, så er det avgjerande med ei tydeleg forankring på leiarnivå. Rapporten «Betre føre var....» utgitt av Folkehelseinstituttet (FHI) viser til helsefremmande og førebyggande tiltak og anbefalingar (Major, 2011, s.9). Rapporten viser til barnehagar av høg kvalitet som viktige med tanke på førebygging og utvikling av god psykiske helse. «Små barns psykiske helse formes av den daglige omgang de har med andre mennesker. Barnehager av høy kvalitet har en rekke psykisk helsefremmende effekter for de fleste barn».

Wichstrøm m. fl. (2011) viser at 7-8 % av 4 åringane har psykiske problem som angst, åtferdsproblem og depresjon. Utifrå denne kunnskapen vert det oppmoda til å arbeide førebyggande.

Samspel
Etter ei storstilt utbygging av barnehagar kom Stortingsmelding nr.41 (2008 - 2009) Kvalitet i barnehagen. «Forskning som foreligger, antyder at de viktigste faktorene for å fremme barns utvikling i et barnehagetilbud er følgende: Samspillet mellom voksne og barn er kjennetegnet av at de voksne er lyttende, omsorgsfulle og tilgjengelige ... » (s. 8). Drugli (2010) peikar på at samspelet med barna er det som gjev barnehagen konkret innhald og kvalitet. Barnehagen har stor effekt på barn si utvikling (Kvello m. fl., 2010b). God kvalitet hos tilsette i barnehagen kan redusere risikoen for at barn utviklar åtferdsvanskar. «De ansatte må ha en solid innsikt i hvordan barn utvikler seg best i forhold til sitt potensiale, samt evne til å oppdage barn i risikosonen for uheldig utvikling i en tidlig fase og kunne iverksette bistand slik at barnet ikke utvikler disse vanskene» (Kvello, 2010a, s. 26). Her blir det vist til viktigheita med fagleg innsikt og kvaliteten på handlingane ein utføre. Inkludert i dette er fagleg oppdatering for at praksis skal følge rådande kunnskap og forsking.

Den norske mor-barn undersøkinga (FHI, 2014) viser at god relasjon mellom vaksne og barn i barnehagen ser ut til å vere forbunde med betre utvikling og mindre åtferdsproblem. Dette er viktige indikatorar på god psykisk helse.

Meld. st. 24 (2012 - 2013) Framtidens barnehage viser til at barnehagar med høg kvalitet verkar positivt på barn si utvikling og har effekt heile livet. Å bruke ressursar på eit godt utdanningssystem med gode barnehagar gjev høg avkastning både for barna og samfunnet, og er ei viktig investering for framtida. Sidan dei fleste barn går i barnehage, blir dette ein viktig arena for helsefremmande og førebyggande arbeid.

Brenna-utvalet viser til at barnehagane i lita grad oppdagar og reagerer på psykiske problem hos barn. Dei peikar på at vanskar hovudsakleg vert oppdaga når barn byrja på skulen, og har vanskar med å tilpasse seg skulesituasjonen (Kunnskapsdepartementet, 2013, Meld. St. 24).

Metode og analyse
Kvalitativ metode vart valt for å få innsikt i informantane sine erfaringar, tankar og kjensler (Dalen, 2013). Fordelen med metoden er stor fleksibilitet der det er mogeleg å rette opp misforståingar eller å utdjupe eit tema (Befring, 2015). Eit semistrukturert intervju med 24 spørsmål vart utarbeidd (Dalen, 2013). Formålet var å få fram fyldig og beskrivande informasjon om korleis barnehagelærarar og styrarar opplever ulike sider i forhold til arbeid med relasjonar og psykisk helse (Dalen, 2013).

Utval
Intervju vart gjennomført med fire kvinnelege barnehagelærarar, to pedagogiske leiarar og to styrarar. Alle med lang arbeidserfaring, mellom 9-18 år, frå barnehage. Rekruttering vart gjort ved å kontakte to styrarar frå to ulike kommunar. Studien ville kartlegge om leiinga la vekt på systematisk arbeid med barn si psykiske helse. Styrarane fikk S- namn Siv og Siri og pedagogane P- namn Petra og Pia for å lettare kunne skilje dei ved bearbeiding og samanlikning av datamaterialet.

Gjennomføring
Intervjua vart gjennomført på informantane sin arbeidsplass. For å sikre at alle fekk dei same opplysningane vart det utarbeidd eit informasjonsskriv. Intervjua vart tatt opp på diktafon og transkribert. Etter kvart intervju vart tankar og intrykk hos intervjuar notert.

Analyse
Ved å nytte hermeneutisk analyse legg ein vekt på å fange inn og fortolke aktørforståinga i eit vidare teoretisk perspektiv. «Hermeneutisk tolkning er viktig når det handler om å forstå mennesker, menneskers handlinger og resultatet av menneskelige handlinger» (Thuren, 2009, s. 113). Det vart nytta tematisk innhaldsanalyse for å forenkle data og skape oversikt. Spørsmåla vart nytta for kategorisering av tema. Intervjua vart samanlikna for å sjå forskjellar eller likskapar mellom informasjon frå styrarar og pedagogiske leiarar.

Etikk
Studien er godkjent av Norsk Senter for forskingsdata (NSD). Informantane signerte informert samtykke, og var gjort kjend med at dei til ei kvar tid og utan å grunngje kunne trekke seg frå studien, at all informasjon var anonymisert, og at lyd opptak vart sletta etter analyse og bearbeiding.

Resultat
Psykisk helse som del av grunnutdanninga
Informantane fekk spørsmål om dei lærte noko om psykisk helse i utdanninga si. Dei tre mest erfarne sa dei ikkje kunne huske at det hadde vore noko fokus på dette. Pedagog utdanna i 2012 svara: «Ja, det gjorde eg». Funn her viser at i nyare tid er psykisk helse tema i utdanninga. Ingen av informantane viser til psykisk helse som tema i årsplanen.

Relasjonskvalitet
På spørsmål om kva dei la i relasjonskvalitet, la styrarane vekt på kvalitet i samspelet, pedagogane legger vekt på å vere fysisk til stade saman med barna.

Ingen av informantane viste til at relasjonskvalitet er tema i barnehagen. Siv : «Vi har snakka om vaksenrolla og korleis vi skal vere i lag med ongane. Relasjon barn-vaksne har vi ikkje brukt så mykje». Siv seier dei har snakka om positive samspel og korleis ein god voksen skal vere, men dei er lite flinke til å snakke om negative hendingar.

Petra viser til at dei har fokusområde der dei drøfter og avklarar for å etablere ei felles forståing. Petra viser til at det er viktig å ha ei felles forståing.

Siri seier dei diskutera det stadig på personal- og avdelingsmøter, og viser til positive og negative relasjonar barna imellom. Ingen av informantane rapporterer om systematisk observasjon eller kartlegging av relasjonane mellom barn og vaksne.

Primærkontakt
I forhold til primærkontakt for barna, blir det i hovudsak vist til praktiske oppgåver. Ingen viser til at primærkontakta har ansvar for gode og nære relasjonar med barna. Siv seier dei har primærkontakt når barna er nye i barnehagen, men etter kvart sklir det ut.

Siri seier alle barna får tildelt ein kontaktperson, og at det er spesifisert kva som er hovudoppgåvene for denne.

Reflekterande kultur
Informantane meiner at reflekterande kultur er å tenkje over praksis og kva ein gjer i det daglege arbeidet. Siri viser til at det er viktig å stoppe opp og stille opp og vurdere eigen praksis. Det er styrar og pedagogisk leiar som har ansvar for å legge føringar, og informantane viser til at dette skjer på avdelings- og personalmøter. Det blir diskutert mykje på avdelings- og personalmøter, men som ein av informantane viser til, det blir ikkje jobba systematisk.

Diskusjon
Rammeplan (2011) seier barnehagen skal verne barn mot fysiske og psykiske skadeverknadar. Omgrepet psykisk helse og kva som er psykiske skadeverknadar er ikkje nemnt. Informantane sine utsegn om ikkje å ha lært noko om psykisk helse i si utdanning stemmer overeins med Tronrud (2013), som viser til at psykisk helse har ein diffus plass i barnehagelærarutdanninga til tross for satsing frå Sosial og helsedepartementet.

I Meld. St.24 (2012-2013) kan det sjå ut som det er store forventningar til barnehagane som arena for å fremme ei god helse, men det blir ikkje spesifisert kva som skal til for å styrke arbeidet med barn si psykiske helse i barnehagen. Kvello (2010b) viser til at det er viktig at tilsette har kunnskap om barn si utvikling og evne til å tidleg oppdage barn i risiko for uheldig utvikling. Kunnskapen om barn og unge si psykiske helse har hatt avgrensa merksemd i dei kommunale tenestene. Straand (2011) viser til at for å lykkast i arbeidet, må dei politiske, institusjonelle, profesjonelle og faglege aktørane og nivå ha samhandel på ein formålstenleg måte. Det må vere samarbeid og samsvar mellom teori- og praksisfeltet, og kommunikasjon mellom dei ulike departementa og kommunane.

Relasjonskvalitet/Felles forståing
Informantane er opptatt av kvalitet i samspelet mellom barn og vaksne. Ein av pedagogane seier: «For meg står det litt sånn å være til stades. Det første som slår meg er dette med nærleik til ongane». Pedagogen viser til rammeplan (2011), at ein omsorgsfull relasjon er prega av vilje til å lytte, nærleik, innleving, evne og vilje til samspel. Omsorg handlar om gjensidig samspel og det klara ein ikkje utan å være til stades.

Funna viser at det ikkje er ei felles forståing for relasjonskvalitet. Drugli (2011) peikar på at det er viktig at leiinga set relasjonskvalitet på dagsorden som eit sentralt tema for fagleg oppdatering, refleksjon og rettleiing.

Primærkontakt
Ingen av informantane viste til at primærkontakta hadde ansvar for gode og nære relasjonar med barna, men at dette ført og fremst gjaldt praktiske oppgåver. Drugli (2011) seier det er større sjanse for at det utvikla seg ein god og nær relasjon når den vaksne konsentrerer seg om kontakt med eit begrensa antal barn. Utdanningsdirektoratet (2013) viser til ei undersøking der det kom fram at 83 % har primærkontakt i samband med tilvenjing i barnehagen. Der iblant er det 38 % av barnehagane som opprettheld dette tilbodet gjennom heile barnehagetida dersom det er praktisk mogeleg, 9 % som opprettheld dette tilbodet i meir enn eit år og 29 % som har dette tilbodet i eit år eller mindre (Moser & Martinsen, 2011, i Utdanningsdirektoratet, 2013, s. 100). Det er å anta at primærkontakt har meir praktiske oppgåver enn relasjonsbyggande oppgåver, slik som det kjem fram i denne studien.

Reflekterande kultur
Brandtzæg et al. (2013) seier det er viktig å ha ein bevist og aktivt reflekterande kultur i barnehagen. Trygge rammer med omsorg og varme med gjensidig kollegial støtte og tilbakemeldingar. Brandtzæg et al. (2013) seier at i staden for å snakke om vanskelege barn, må vi snakke om vanskelege relasjonar. Møller (2012) viser til at vaksne alltid er ansvarleg for relasjonen og det betyr at det er den vaksne som er ansvarleg for relasjonsbygging. Ein reflekterande kultur vil føre til personleg utvikling for kvar enkelt tilsett. Alle informantane rapportere om drøftingar på personalmøte, og viser på den måten til refleksjon i kollegiegruppa. Brandtzæg et al. (2013) seier det er viktig å bygge vidare på det som er til stades, og gjere refleksjonen til ein systematisk del av kvardagen på jobb. Inntrykket er at det blir diskutert mykje godt på avdelingsmøter og personalmøter, men at ein kan bli flinkare til å jobbe meir systematisk og då til dømes med relasjonar mellom barn og vaksne.

Oppsummering
Denne studien finn ikkje at psykisk helse er eige tema i årsplanen til barnehagane informantane kjem frå. Hesselberg (2011) viser til at det offentlege hjelpeapparatet viser for lite initiativ, samordning og oppfølging i arbeidet med barn og unge. Rammeplan (2011) seier at barnehageplanane bør sjåast i samanheng med kommunal planlegging av barnehagesektoren og oppvekstmiljøet.

Ingen av informantane hadde relasjonskvalitet og felles forståing for dette på dagsorden. Thorsen (1999) påpeikar at høg kvalitet på samspelet mellom vaksne og barn i barnehagen er sentralt. Denne studien viser at det er lite fokus på dette, og at det utgjer ein risiko for kvalitet. Det vart ikkje rapportert om systematisk arbeid med relasjonar mellom barn og personale, og heller ikkje om ein reflekterande kultur i personalet. Å ta ansvar for eigen relasjonskvalitet i forhold til alle barn ein jobbar med, er ein viktig del av det å jobbe i barnehage (Drugli, 2010). Dette er tema i ny rammeplan for barnehagen (2017).

Avsluttande kommentar
Denne studien har sett fokus på korleis styrar og barnehagelærarar kan fremme god psykisk helse. Barnehagen blir derfor ein viktig arena for helsefremmande og førebyggande arbeid. I staden for å snakke om vanskelege barn, må vi snakke om vanskelege relasjonar. Dei vaksne er alltid ansvarlege for relasjonen og det betyr at det er den vaksne som må endre relasjonen. Barnehagen må diskutere kva som kjenneteiknar positive og negative relasjonar og kva betyding det skal ha. Det er viktig med felles forståing og reglar for korleis dette skal handterast i eigen barnehage. Denne studien viser at det er mykje gode drøftingar i dei barnehagane som deltok, men at det er lite systematikk og fokus på viktigheita av desse drøftingane, noko som gjer at slike drøftingar og refleksjonar kan forsvinne når kvardagen vert travel.

Litteraturliste
Befring, E. (2015) Forskningsmetoder i utdanningsvitenskap. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Brandtzæg, I., Torsteinson, S., Øiestad, G. (2013). Se barnet innenfra. Hvordan jobbe med tilknytning i barnehagen. Oslo: Kommuneforlaget.

Dalen, M. (2013). Intervju som forskningsmetode- en kvalitativ tilnærming. Oslo: Universitetsforlaget.

Drugli, M. B. (2010). Liten i barnehagen. Forskning, teori og praksis. Oslo: Cappelen Damm AS.

Hesselberg, F. (2011). Fleksibel utnytting av lokal kompetanse. I. Strand, S.(Red) Samhandling som omsorg. Tverrfaglig psykososialt arbeid med barn og unge. Oslo: (s.111- 135) Kommuneforlaget.

Jacobsen, D. I. (2010). Forståelse, beskrivelse og forklaring. Innføring i metode for helse- og sosialfagene. Oslo: Høyskoleforlaget.

Kunnskapsdepartementet. (2009). Kvalitet i barnehagen. St. melding. nr. 41 (2008-2009). Oslo: Kunnskapsdepartementet.

Kunnskapsdepartementet. (2011). Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Oslo: Kunnskapsdepartementet.

Kunnskapsdepartementet. (2013). Framtidens barnehage Meld. St.24 (2012-2013). Oslo: Kunnskapsdepartementet.

Kvale, S. & Brinkmann S. (2009). Det kvalitative forskningsintervju. Oslo: Gyldendal akademisk.

Kvello, Ø. (2010a). Kvalitet i barnehagen. I: Ø. Kvello (Red) Barnas barnehage 1. Målsettinger, føringer og rammer for barnehagen (s.15-36) Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS.

Kvello, Ø. (2010b). Personlighetsutviklingen: barnehagens rolle i den facinerende dynamikken mellom samspill og biologi. I: Ø. Kvello (Red) Barnas barnehage 2. Barn i utvikling. ( s.27-64) Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS.

Kvello, Ø. (2010b). Som ansatte i barnehagen setter man spor i barna I: Ø. Kvello (Red) Barnas barnehage 2. Barn i utvikling. ( s.15-26) Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS.

Linder, A. (2010). Pedagogisk relationsarbejde. Fredrikshavn: Dafolo.

Madland, A. (2013). Betydningen av hele meg. Om handlinger, holdninger og verdier hos de voksne i barnehagen. Oslo: Gyldendal akademiske.

Major, E. F. (Red) (2011). Folkehelseinstituttet: Rapport 2011:1 Betre føre var-psykisk helse: Helsefremmende og forebyggende tiltak og anbefalinger. Oslo: Folkehelseinstituttet.

Møller, L.(2012). Anerkjennelse i praksis. Om utviklingsstøttende relasjoner. Oslo: Kommuneforlaget AS.

Palsdottir, H. (2010). Relasjoner med barn. Oslo: Relasjonsenteret.

Rapport 2014:1 Sammenhenger mellom barnahagekvalitet og barns fungering ved 5 år. Resultater fra den norske mor og barn- undersøkelsen (2014). Oslo: Folkehelseinstituttet.

Straand, S. (2011). Samhandling som omsorg. Tverrfaglig psykososialt arbeid med barn og unge. (Red.). Oslo: Kommuneforlaget.

Thorsen, A. (1999). Forebygging og avhjelping av psykososiale vansker gjennom utviklingsarbeid i barnehagen. Hovedoppgave i spesialpedagogikk. Høgskolen i Stavanger. Senter for atferdsforskning. Avdeling for lærerutdanning.

Thuren, T. (2009). Vitenskapsteori for nybegynnere. Oslo: Gyldendal akademiske.

Utdanningsdirektoratet. (2017). Rammeplan for barnehagen. Innhald og oppgåver. Oslo: Utdanningsdirektoratet.

Wichstrøm, L., Berg- Nielsen, T. S. ,Angold, A., Egger, H. Link, Solheim, E., Sveen, T. Hamre (2011). USA. Prevalence of psychiatric disorders in preschoolers. Journal of child psychology and psychiatry, june, 53 (6), 695-705.

Internettdokument
Brandtzæg, I., Torsteinson, S., Øiestad, G. (2014). Barnehagen- en arena for psykisk helse. Henta 20. august, 2014 frå http://www.dagbladet.no/2014/08/17/kultur/meninger/kronikk/barnehage/psykologi/34786918/

Holte, A.(2012). Forebygg psykiske lidelser. Henta 28. august, 2014, frå http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1015/thread242487/

SSB (2017). Barn i barnehager. Henta 24. juni, 2017, frå www.ssb.no/barnehager

Tronrud, E. (2013). Arbeid med psykisk helse- fra regjering til barnehage. Masteroppgåve I spesialpedagogikk. Det utdanningsvitenskapelige fakultetet. Universitetet I Oslo. Henta 5. mars, 2015, frå https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/38420/Tronrud-Master.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Utdanningsdirektoratet (2013). Utdanningsspeilet... Henta 22. september, 2018, frå https://www.udir.no/globalassets/filer/tall-og-forskning/rapporter/utdanningsspeilet_2013/us2013.pdf

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...