Annonse
Tidsskriftet: Psykologi i kommunen

Fagfellevurdert

Jenter om kva som styrker psykisk helse

Psykologi i kommunen nr. 1 2022

Foto: shutterstock.com

Foto: shutterstock.com

Av: Sara A. Engevik og Kirsten Flaten

Publisert:

Sist oppdatert: 09.11.2022 kl 21:37

Samandrag:
Studien ser på kva jenter opplever som støttande for utvikling av god psykisk helse, ved å fokusere på kva som er positive og støttande faktorar i møte med utfordringar. Data vart generert gjennom analyse av 34 tekstar om psykisk helse og støttande faktorar, skrevet av jenter i 15-16 årsalderen. Sosiale relasjoner og anerkjenning frå familie og vener vert rapportert som viktig, samt å høyre til, meistre, ta ansvar for seg sjølv og å hjelpe andre. Dei kan summerast opp med fire universelle behov; tilhøyrsle, meistring, sjølvstende og generøsitet, og at å dekke desse bidreg til utvikling av god psykisk helse. Det kjem og fram risikofaktorar, der informantane rapportere å være avhengig av ytre faktorar, som andre si anerkjenning.

Summary:
This study gain insight into what girls perceive as supporting healthy mental health development, and focus on the positive and what helps when handling challenges. Data was gathered by analyzing 34 essays written by girls aged 15-16years, where they explore mental health issues and supportive factors. Social relations and positive feedback are reported as very important for the informants. The study indicates that to belong, to achieve, to reach goals, to take responsibility and to help others makes the girls feel good. This is related to fore universal needs; belonging, mastery, independence and generosity, and a life covering these will support development of healthy mental health. The study also uncovered some risk, where the informants reported to be dependent of external factors, like being acknowledged by others.

Psykisk helse
Psykisk helse har fått aukande merksemd dei siste åra, og særskilt gjeld det psykisk helse hos barn og unge (Skogen et al., 2018). Sosial- og helsedirektoratet (2007) definerer psykisk helse som:

… utvikling av og evne til å mestre tanker, følelser, atferd, og hverdagens krav i forhold til ulike livsaspekter. Det handler om emosjonell utvikling, evne til velfungerende sosiale relasjoner og evne til fleksibilitet. Fravær av psykiske vansker eller lidelser er ikke ensbetydende med god psykisk helse.

Definisjonar av psykisk helse påpeikar at fråværet av psykiske vanskar ikkje nødvendigvis betyr god psykisk helse. Det handlar også om ei god emosjonell utvikling som vert støtta fram i sosiale relasjonar, slik at barn og unge kan handtere dei vanskar som kan oppstå i kvardagen.

Naturlege utfordringar i ungdomstida gjer det vanskeleg for ungdommar og andre å skilje vanlege trivselsproblem frå betydelege psykiske plagar. Emosjonelle plagar som tungsinn, likesæle, bekymring og kjenslemessig uro aukar sterkt i 13-15 årsalderen, og vert relatert til hormonelle endringar i samband med pubertet (Helland & Mathiesen, 2009). Alderstypiske endringar viser at det er vanleg å ha symptom på angst i ungdomsåra, men kan samstundes indikere utvikling av vanskar (Helland & Mathiesen, 2009). Jenter rapporterer dobbelt så mykje plager og stress som gutar (Bakken, 2018), inkludert smerter, umoden/negativ åtferd, dårleg sjølvbilete og einsemd (Helseth, Christophersen & Lund, 2007; Stickley et al., 2016). Samstundes rapporterer jentene betre relasjonar med medelevar, sosial støtte og god sosial kompetanse (Olives et al., 2013), som er faktorar som er med og bidreg til utvikling av god psykisk helse. Å prestere på fleire områder vert omtalt som krysspress, og ungdom peikar på at dagleg ytre press fører til indre oppleving av stress (Eriksen, Sletten, Bakken & von Soest, 2017), og oppleving av å ikkje meistre.

Positiv vinkling
Det er fleire forklaringar på at individ klarer å utvikle og vedlikehalde god psykisk helse. Salutogenese fokuserer på god helse og evna til å handtere stress. Antonovsky (2012) lanserte omgrepet sense of coherence / oppleving av samanheng (OAS). Det innebær at å oppleve meining i kvardagen er viktig for å ha god psykisk helse. Positiv psykologi er ei retning som ser på kva faktorar som bidrar positivt inn i eit menneske sitt liv (Andersen & Christensen, 2013), og kva faktorar som er støttande for utvikling av god psykisk helse. Positive kjensler og støttande omgivnader vert regna som grunnleggande (Seligman, 2007).

Modellen Circle of Courage (COC) identifiserer fire universelle behov; belonging, mastery, independence og generosity (Brendtro, Brokenleg & van Bockern, 2005), som legg grunnlag for utvikling av god psykisk helse. Dette er ei konkretisering av faktorar som er støttande for utviklinga av god psykisk helse. Å lære om eigne kjensler er avgjerande for å handtere emosjonelle reaksjonar og dekkje eigne grunnleggjande behov (Lavik, Veseth, Frøysa, Binder & Moltu, 2018).

Tilhøyrigheit
Sosiale relasjonar er ein grunnstein for emosjonell utvikling, der familie og vener påverkar utvikling av psykisk og fysisk helse og sosial tilhøyrsle. Støtte frå medelevar påverkar utvikling av sjølvkjensle og sjølvtillit (Stickley et al., 2016), og å ha vener er den enkeltfaktoren som gir størst beskyttande effekt mot mobbing (Thorvaldsen, Westgren, Egeberg & Rønning, 2018). Ungdom som er nøgd med familieforholda gjer det betre på skulen (Helland & Mathiesen, 2009). Sentralt i gode relasjonar er anerkjenning (Schibbye & Løvlie, 2018). Nærbøe (2011) viser til at kompliment har stor verdi for jenter, der anerkjenning og ros er knytt til positive vurderingar av prestasjon eller utsjånad. Ungdom er i utvikling mot auka sjølvstende (Helland & Mathiesen, 2009), men er for umodne til å ta hand om seg sjølv. Dei treng støtte og nærleik som grunnlag for vellukka autonomi (Brokenleg & Bockern, 2003).

Evaluering i anerkjenning
Anerkjenning kan og ha ei negativ side. Schibbye og Løvlie (2018) viser til at anerkjenning oftast implisitt inneheld ei evaluering. Strandkleiv (2005) seier at anerkjenning må vere uavhengig av prestasjon for å unngå å være evaluerande. Ros kan fjerne eiga merksemd frå prestasjonen, og rette merksemda mot kva andre synes er viktig eller bra nok (Schibbye & Løvlie, 2018). Utvikling av eigenverdi vert då styrt av ytre faktorar definert av andre, og prestasjonar er naudsynt for å oppnå anerkjenning. Ros og positive kommentarar får då ein meir destruktiv funksjon, og vert negativt for indre motivasjon og sjølvkjensle. Det utgjer ein risikofaktor dersom eigenverdien avhenger av prestasjon (Strandkleiv, 2005), og der andre får definere kva som er godt nok. Sjølvkjensla er knytt til tankar og kjensler om seg sjølv uavhengig av prestasjonar, medan sjølvtillit er forbundet med prestasjonar og avgrensa området i livet.

Meistring
Ungdom treng å oppleve meiningsfylte aktivitetar der dei meistrar. Gode skuleprestasjonar og trivsel på skulen er beskyttande faktorar (Egelund et al., 2008). Ogden (2016) viser til samanheng mellom sosial kompetanse og skulefaglege ferdigheiter. Kvello (2015) påpeikar at hobbyar eller talent som gir anerkjenning kan vere beskyttande faktorar. Fysisk aktivitet kan avleie negative tankar og bekymringar (Moe, 2011). Meistringstru, «self-efficiacy», er å forstå kva eigenskapar eller ferdigheiter ein treng for å fullføre ei oppgåve (Bandura, 1997). Masten (2014) seier meistringstru er ein beskyttande faktor med oppleving av kontroll over eige liv. Å bidra positivt for andre menneske påverkar livskvalitet, og viser det viktige ved sosiale relasjonar. Ungdom opplever auka eigenverdi når dei kjenner den positive verdien av å ta vare på andre. Det same finn ein ved meistring av samfunnsmessige moralske og etiske standardar, det aukar eigenverdi og sjølvkjensle.

Metode
Studien søkte innsikt i kva jenter sjølv opplever som støttande faktorer i kvardagen med tanke på utvikling av god psykisk helse. Kvalitativ metode er eigna til å få djupare innsikt i eit menneske sine tanker og erfaringar, og er difor ein eigna metode til å skape innsikt i jenter i alderen 15-16 år sine tankar om kva som styrker deira psykisk helse. Informantane var 34 jenter (N=34) på 10.trinn på 3 ulike skular. Informantgruppa har direkte kunnskap om tema som studien ynskjer innsikt i, og er difor å regne som gode primærkilder. Data vart samla inn gjennom tekstar skrevet av informantane, der teksten vart utforma som svar på ei oppgåve. Innsamling av data vart gjort før pandemi og heimeskule, så elevane var fysisk i klasserommet.

Rekruttering vart gjort gjennom e-post og telefon til rektorar, som tok kontakt med kontaktlærarar på 10.trinn. Kontaktlærar leverte ut oppgåver, og tekstane vart skrive i løpet av ein skuletime, og elevane som deltok la sjølv tekstane i ein felles konvolutt. Elevane vart informert om at det ikkje skulle skrivast namn på tekst, eller anna som kunne føre einskild tekstar attende til eleven eller skulen. Elevane kunne velje mellom to ulike oppgåver utforma av forskar, der dei vart bedt om å skrive om kva dei opplever som styrkande for psykisk helse i kvardagen. Det var ikkje krav til sjanger, og dei innleverte tekstane varierte frå ei ½ til 5 sider. Tekstane vart analysert med bakgrunn i de fire kategoriane frå Circle of Courage (COC). Jenter som ikkje ynskte å delta, samt gutane, arbeidde med andre oppgåver i timen. Det vart ikkje sett på kva elever som valde å delta, og kven som valde å ikkje delta.

Anonymitet
Elevane vart informert om at det var frivillig å delta, og at det vart lagt vekt på anonymitet. Det vart antatt at å levere ein anonym tekst ville ufarleggjer det å dele informasjon om eiga psykisk helse, og at tekstane difor ville gje ærleg informasjon om informantane si oppfatning av tema. All informasjon til elevane vart gitt av lærar som elevane kjende. Forskar var ikkje til stades i klasserommet, og møtte ikkje lærer eller elevar. Det vart tydeleg informert om at elevane ikkje skulle skrive namn på tekstane. Tekstane vart levert i umerka konvoluttar som ikkje kunne sporast tilbake til elev, klasse eller skule. Det var ikkje behov for informert samtykke, sidan informasjonsskrivet tydeleg uttrykte at alle data er samla inn anonymt. Tekstar frå 3 ulike skular vart samla i ein konvolutt før analysering, og det er difor ikkje mogeleg å sei kva skule, klasse eller elev den enkelte tekst kjem frå.

Resultat
«Eg høyrer til»
Informantane skildra det å verte bekrefta av andre og å høyre til som sentralt. Det å få merksemd og å verte verdsett av andre vart rapportert som naudsynt for å ha det bra. Kompliment gav glede, oppmuntring og gode kjensler, og påverka sjølvkjensla. Anerkjenning og kompliment på utsjånad var avgjerande. Ein informant uttrykte; «Det som gjer at eg får det bra med meg sjølv, dei gongane eg kjemper mot mitt eige hovud, er å høyre frå andre at eg er bra nok og at alt eg gjer ikkje kjem til å bli dømt. At folk aksepterer meg for den eg er og kanskje seier positive ting om det eg ser på negativt om meg sjølv». Informantane rapporterte om støtte gjennom samvær med vener eller å tenke på sosialt samvær. Det gav kjensle av einsemd om det ikkje kom gode tilbakemeldingar innimellom. Tilhøyrsle til grupper, fritidsaktivitet og skule, samt møte med venar der dei kan vere seg sjølv og gjere noko dei likar er positiv faktorar.

«Eg kan»
Informantane uttrykte at å ha, og å oppnå mål, gjev meistringskjensle og sjølvtillit. Å kjenne seg god i noko gav gode kjensler og motivasjon for å arbeide mot nye mål. Målsetting og meistringskjensle aukar gode kjensler om seg sjølv, og det vart opplevde som naudsynt å prestere og meistre, på skulen og i fysisk aktivitet. Skulen vart trekt fram som ein sentral arena for meistringskjensle og anerkjenning, der gode karakterar og tilbakemelding aukar gode kjensler. Fysisk aktivitet representerte også ein slik arena. Informantane skildra oppleving av svingande sjølvtillit, men at meistring gav god sjølvkjensle. «Eg føler eg må oppnå mål for å føle meg vellukka. Det klarar eg som regel når eg bestemmer meg for noko. Andre gongar kan det gå bokstaveleg rett vest og eg er ikkje den flinkaste til å gløyme ting. Det å godta at det gjekk sånn den gongen og heller tenkje neste gong.»

Ei lita gruppe informantar trakk fram utfordringar med skule, og ei oppleving av å ha mykje skulearbeid og å sette høge krav til seg sjølv. Desse utfordringane vart møtte ved å gjere det som var absolutt naudsynt, eller ved å redusere eigne forventningar. Ein informant skriv det slik; «Den største utfordringa i kvardagen min er når det blir mykje skulearbeid og prøver. For å kunne trene og ha mykje fritid er eg avhengig av å bli fort ferdig med skulearbeid. Så når det blir mykje prøver eg å berre få tankane over på noko anna. Det er kanskje ikkje det mest effektive, sidan eg faktisk ikkje gjer unna arbeidet. Eg pleier også å sjå kva lekse eg ikkje må gjere og berre fokusere på det som absolutt må gjerast». Omlag ein tredjedel av informantane rapporterte å sjå positivt på seg sjølv, som innebær at storparten av informantane er avhengig av ytre anerkjenning for å kjenne seg gode nok, og for utvikling av godt sjølvbilete.

«Sjølvstendige val»
Informantane rapporterte eit eige ansvar for å ha det bra, ved å ta vare på og styrke seg sjølv, og å gjere meir av det som gjer ein glad i kvardagen. Ein informant skildrar eige ansvar slik; «Noko som gjer til at eg har det bra er at eg ikkje målar meg opp til andre, men kanskje heller tenkje over kva eg klarar som ikkje andre kan. Det hjelper meg i alle fall med eit betre sjølvbilete og meistringskjensle». Sjølvsikker, positiv, energisk, sjølvkritisk, sårbar, nøytral, utadvendt, empatisk, låg sjølvtillit, rastlaus, stressa og digg er ord informantane beskriver seg sjølv med. Her ser ein at både positive og meir negativt lada begrep vert nytta for å vise kva dei tenker om seg sjølv. Dette stemmer med funn om at nokre informantar opplever god sjølvkjensle, medan ei større grupper har trong for mykje ytre støttte for å utvikle gode kjensler om seg sjølv.

Informantane tydeleggjorde kva som hjelpte i møte med utfordringar. Ytre faktorar som musikk, fysisk aktivitet og folk kan være støttande, eller bruk av indre strategiar for å takle motstand. Stress vert sett på vent under trening, dei gløymer alt anna og fokuserer på augeblikket. Aleinetid, pauser, søvn og face-time med venar vart skildra som avslappande faktorar. Å slappe av, gjere ting ein har lyst til, og å tenke gjennom hendingar. Informantane nemnde å endre tankegang og innstilling til utfordringar, å velje og være positiv med gode kjensler etter meistring, og indre dialog. Fleire informantar sa dei trong andre menneske for å takle utfordringar, og at å spele dataspelet Fortnite fekk tankane over på andre ting og var avslappande.

«Eg har ei oppgåve i livet»
Informantane rapportert å få det betre med seg sjølv når dei kunne glede menneske rundt seg, og uttrykte gode kjensler av å gjere andre glad. Dei meinte at ein må vere snille med kvarandre, for vi veit ikkje kva kamp andre kjempa. Ein informant formulerte det slik; «Du skal alltid oppføre deg fint med alle, for mange kjemper ein kamp du ikkje veit noko om.» For informantane var det viktig at venene hadde det bra og fekk den hjelpa dei trong. Samt at dei likte å hjelpe og gi tips som var nyttige og hjelpsame. Informantane la vekt på glede og positivitet, skildra glede ved å vere saman med folk og at det å ha vener vart rapportert som viktig.

Drøfting
«Eg høyrer til»
Informantane synes det er viktig å verte verdsett av andre, kjensla av å høyrer til gjer at ein kjenner seg elska, noko som vert støtta i anna forsking. Kjensla av å høyre til er viktig, sosial støtte, gode relasjonar og sosial deltaking betyr mykje for livskvalitet (Reneflot et al., 2018). Å verte verdsett viser at ein har verdi (Brokenleg & Bockern, 2003), og å vere verdfull for nokon er eit mål. Det kjem tydeleg fram at informantane hadde behov for å kjenne seg verdsett for å ha det bra, det vert rapportere som ein beskyttande faktor som styrkar eigenverdien. Kompliment, ros og tilbakemeldingar er viktig for informantane, og representere både ei styring og risikofaktor. Nærbøe (2011) fann at kompliment har stor verdi for jenter, som og kjem fram i denne studien.

Det at informantane rapportere å være avhengig av gode tilbakemeldingar frå omgivnadane, og behov for at andre treng dei, indikerer avhengigheit av ytre stimuli for å ha det bra og bygge god sjølvkjensle. Det at anerkjenning frå andre utgjer ein så viktig faktor i utvikling av god psykisk helse gjer informantane sårbare og med ein underliggande avhengigheit av andre sin definisjon av kva som er godt nok. Dette fører ein destruktiv funksjon inn i den evaluerande rolla anerkjenning har, som representerer ein risikofaktor i utviklinga av god psykisk helse. For å oppnå ytre anerkjenning må ein kontinuerleg prestere for å få påfyll (Schibbye & Løvlie, 2018). Dersom ein har dårleg sjølvkjensle og kompenserer gjennom prestasjon vert ein avhengig av å lukkast på fleire områder (Strandkleiv, 2005). Manglande oppleving av meistring kan verke negativt på den psykiske helsa, dersom verdsetting av seg sjølv vert sett opp mot det ein presterer. Anerkjenning frå andre vart trekt fram som viktig av informantane, og viser at det er naudsynt å leve opp til andre sine standardar. Dette kan tyde på at informantane manglar ei god sjølvkjensle, og dermed ikkje er støttande i utvikling av god psykisk helse. Når ytre faktorar som andre si anerkjenning vert viktig utgjer dette ein risikofaktor. Storparten av informantane rapporterte og om vanskar med å sjå positivt på seg sjølv, som indikerer at behovet for anerkjenning er stort, og at dette utgjer ein klar risikofaktor for denne informantgruppa.

Støtte og tilhøyrsle
Informantane uttrykte at vener og familie var viktige for å ha det bra. Reneflot et al. (2018) seier sosial støtte, gode relasjonar og sosial deltaking har betydning for livskvaliteten. Sosial støtte frå familie og vener bidrar til betre psykisk helse, og reduserer effekten av belastning (Skogen et al., 2018). Informantane seier at familie har stor betydning og er ein støttande faktor i kvardagen. Nærvær og støtte frå familie kan redusere kjensla av einsemd og sårbarheit hos ungdommar (Helgeland & Lund, 2018; Olives et al., 2013; Stickley et al., 2016). Ettersom familie har så stor påverknadskraft på psykisk helse vert det tolka som ein beskyttande faktor av informantane.

Vener var og eit tema som vart trekt fram av informantane. Det å høyre til ei gruppe utanfor familien var vesentleg, gjerne i forbindelse med fritidsaktivitetar og å vere ein del av eit lag. Jenter har sterk sosiabilitet og er gode på relasjonar (Bø, 2004; Olives et al., 2013), som og kom fram i denne studien. Fritidsaktivitetane handla ikkje berre om å kome i form og føle seg vel, men også å høyre til og vere del av eit fellesskap.

Informantane gav uttrykk for at vener betyr mykje, som vert støtta av Thorvaldsen et al. (2018) som fann at vener er den enkeltfaktoren som gir størst beskyttelse mot mobbing. Stickley et al. (2016) framheva at støtte frå medelevar var positivt for utvikling av sjølvkjensle og sjølvtillit. Vener er særskilt viktige i ungdomstida og påverkar psykisk helse, sjølvtillit og sosial kompetanse. Informantane presiserte at det var viktig å verte støtta av personar som lytta og hjelpte, utan å oppleve press eller seie kva ein kan gjere for å få det betre. Bø (2004) fann at sosial støtte gav betre sosial kompetanse.

Men familie kan og representere ein negativ faktor. Bø (2004) seier at kontrollerande foreldre, eller miljø, har negativ effekt på psykisk helse. Ungdom ynskjer å vere sjølvstendige, men er ikkje klar til å ta hand om seg sjølv (Helland & Mathiesen, 2009), og treng merksemd og kjærleik frå andre menneske (Brendtro et al., 1990). Dårlege familierelasjonar eller oppleving av negativ sosial kontroll vart ikkje tematisert av informantane i denne studien.

«Eg kan»
Meistringskjensle, å oppnå mål, kjensle av suksess og å lukkast, kom fram som ein viktig faktor for informantane. Kjensle av meistring er viktig (Brokenleg & Bockern, 2003). Meistringskjensle og behovet for å vere kompetent gir tillit til eiga meistring. Dette vert relatert til Bandura (1997) sitt omgrep «self-efficiacy», meistringstru, å vite at ein har eigenskapar og ferdigheiter som kan føre til at ein lukkast. Ifølgje Masten (2014) er meistringstru ein beskyttande faktor, som og kom fram i denne studien. Informantane meinte det var naudsynt å oppleve meistring og å vere vellukka, det gav gode kjensler. Gode skuleprestasjonar og å trivast på skulen er beskyttande faktorar, som vart trekt fram av informantane. Ungdom som gjer det bra og trivast på skulen oppnår høgare utdanningsnivå, og kan lettare oppnå eit sjølvstendig vaksenliv (Egelund et al., 2008).

Nes (2010) seier deltaking i meiningsfulle aktivitetar, der ein får brukt styrker og talent, er støttande for utvikling av god psykisk helse og livsverdi. Hobbyar og interesser som gjev anerkjenning, verkar styrkande påpeiker Kvello (2015). Dette samsvarer med det informantane i denne studien uttalar om å prestere, og at ros for prestasjonar gir gode kjensler. Moe (2011) peikar på at fysisk aktivitet kan distrahere frå negative tankar og bekymringar. Informantane framhevar at dei kjenner seg betre av å vere i aktivitet, og å vere saman med andre, eller som distraksjon i møte med utfordringar.

Men det kom og fram nyansar, der ei lita gruppe av informantane rapporterte om stress ved å skulle prestere. Vedvarande dagleg og ytre press om å prestere hevdar Eriksen et al. (2017) kan føre til indre oppleving av stress. Informantane skreiv om utfordringar knytt til skulearbeid, og å setje for høge krav til seg sjølv. Dette indikerer at skule kan være ein belastande faktor. Informantane viser til krav i kvardagen, og at det vert naudsynt å redusere eigne prestasjonar for å unngå stress. Her ser ein at prestasjon og kan representere ein risikofaktor.

«Sjølvstendige val»
Informantane meinte at å ta ansvar for korleis ein sjølv har det og å ta vare på seg sjølv er ein styrkande faktor. Ungdom må lære at dei er aktør i eige liv (Masten, 2014).

Informantane rapporterte å være sosialt orientert, opptatt av relasjonar og å høyre til, og fleire informantar skildra seg sjølv positivt. Tru på eigne krefter, ta initiativ, være nyfiken, sjølvstendig, stoltheit over eigne ferdigheiter, tole skuffelse, kritikk og forandring er teikn på god sjølvkjensle (Sommerchild, 1998). Informantane fokuserte på kva dei er god til, som viser god sjølvkjensle ved å sjå positive sider ved seg sjølv. Ifølgje Juul (1996) vil ein med høg sjølvkjensle tole å mislukkast når det gjeld utfordringar.

Informantane rapporterte ansvar i møte med utfordringar. Det å forstå eigne emosjonelle reaksjonar og handtere desse er nødvendig for å meistre utfordring (Lavik et al., 2018). Informantane rapporterte ulike måtar å takle utfordringar på. Å regulere eine kjensler i møte med utfordringar handla om å meistre, som musikk, fysisk aktivitet, «prate» med seg sjølv for å takle utfordringar. Her er samanheng med Bandura (1997) sin teori om meistringstru, som omhandlar evne til kjenne igjen eigenskapar og ferdigheiter ein kan dra nytte av for å meistre. Fleire av informantane rapportere om evne til å støtte seg sjølv, og det å sjå eigne ressursar og behov i møte med utfordring.

«Eg har ei oppgåve i livet»
Å vise omsorg for andre er ein styrkande faktor for livskvaliteten (Nes, 2010), og informantane i denne studien presiserte at det var viktig. Kjensle av at andre treng dei er meiningsfullt for informantane, å hjelpe eller vere der for andre er ein naudsynt faktor. Ungdom treng eit formål i livet og ei betydning (Brokenleg & Bockern, 2003), som å glede og støtte andre. Nes (2010) hevdar at det å gjere hyggelege ting saman gir betre livskvalitet. Informantane ser at gode sosiale relasjonar som gir glede, lykke og latter kjem tydeleg fram i denne studien, der glede i møte med andre påverkar humøret.

«Eg har dei siste månadane funne ut at eg elskar å være saman med folk som gjer meg glad, og det er veldig mange og eg føler at eg kan være kven eg vil og verte akseptert for det»

Brendtro og Ness (1983) seier eigenverdi aukar når ein kjenner det positive ved å ta vare på andre. Å hjelpe gir eit formål, og det er godt når andre er nøgd med hjelp og støtte (Brokenleg & Bockern, 2003). Behovet for å ta vare på andre kom tydeleg fram hos desse informantane, eit funn som har ein tosidigheit ved seg. Det å være sosialt kompetent og kunne støtte andre, er støttande for utvikling av psykisk helse. Men her ligg og ei avhengigheit av ytre faktorar, som at andre gjev positiv anerkjenning, som utgjer ein risikofaktor.

Avslutning
Målet med studien var å få innsikt i jenter si oppleving av faktorar som styrker psykisk helse, og sjå det opp mot gjeldande forsking. Informantane rapporterer i hovudsak å være nøgd med kvardagen, og ser at dei sjølv kan bidra til å bygge god psykisk helse gjennom å være sosiale og meistring. Kvalitet i relasjon til menneska dei har rundt er det som kjem klarast fram som viktig for å ha det godt i kvardagen, som igjen er med på å støtte utvikling av god psykisk helse. Denne studien viser, og som kjem fram i tidlegare teori, at å høyre til, oppnå mål, ta ansvar for seg sjølv, og være der for andre gjer at informantane opplever å ha det godt og trivast med seg sjølv. Det dekkjer fire universelle behov; tilhøyrsle, meistring, sjølvstende og generøsitet. Sosial interaksjon og støtte frå venar og familie, gir trygge omgjevnadar og er positive faktorar. Informantane meiner at å oppleve meistring, bli anerkjent og få kompliment, påverkar sjølvtillit. Det er sentralt å få fram at dei beskyttande faktorane har liten betydning som enkeltfaktorar, men samla er desse positive for psykisk helse.

Behovet for anerkjenning kjem tydeleg fram hos informantane, som kan være støttande, som vist over. Men i dette behovet for ytre støtte og anerkjenning ligg og ein risikofaktor, som kan tolkast som at prestasjonar ikkje er viktige i seg sjølv, men er ein måte å oppnå ytre anerkjenning på. Her skildrar informantane ei avhengigheit av andre si oppfatning, der dei ytre krava til meistring vert det viktige. Dette utgjer ein risikofaktor for utvikling av god psykisk helse. Informantane i denne studien reflekterer ikkje over dette, men det ligg implisitt ved at informantane trekker det fram som viktig. Størsteparten av informantane rapportere om vanskar med å sjå seg sjølv i eit positivt lys, som også representere ein risikofaktor, og truleg bidreg til at ytre anerkjenning vert naudsynt i utviklinga av god psykisk helse. Ei lita gruppe informantar rapportere om stress med skuleprestasjonar, som truleg utgjer ein ekstra risikofaktor i det å utvikle god psykisk helse.

Vidare forsking
Det kunne vore interessant å gjere ei oppfølging av denne studien der ein går meir inn på kva som er naudsynt av anerkjenning for å verte opplevd som støttande. Informantane i denne studien rapporterte trong for ytre anerkjenning for å kjenne seg bra nok, og det kunne vore interessant å få kunnskap om kva anerkjenning og frå kven som vert opplevd som støttande i utvikling av god sjølvkjensle og psykisk helse.

Litteraturliste
Andersen, F. Ø. & Christensen, G. (2013). Den positive psykologiens metoder: Forskning, kartlegging, testing, utviklingsarbeid og intervensjoner. Oslo: Gyldendal norsk forlag.

Antonovsky, A. (2012). Helsens mysterium. Den salutogene modellen. Oslo: Gyldendal Akademisk

Bakken, A. (2018). Ungdata. Nasjonale resultater 2018 (NOVA Rapport 8/18). Henta frå http://www.hioa.no/Om-OsloMet/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/NOVA/Publikasjonar/Rapporter/2018/Ungdata-2018.-Nasjonale-resultater

Bandura, A. (1997). Self-Efficacy: The Exercise of Control. New York: Freeman

Brendtro, L. K., Brokenleg, M. & Bockern, S. V. (1990). Reclaiming Youth at Risk: Our Hope for the
Future. Bloomington, Indiana: National Educational Service.

Brendtro, L. K., Brokenleg, M. & van Bockern, S. (2005). The Circle of Courage and Positive Psychology. Reclaiming Children and Youth, 14(3), 130-136.

Brendtro, L. K. & Ness, A. (1983). Re-educating troubled youth. New York: Aldine.

Brokenleg, M. & Bockern, S. V. (2003). The Science of Raising Courageous Kids. Reclaiming Children and Youth, 12(1), 22-27. Henta frå http://martinbrokenleg.com/wp-content/uploads/2016/02/12_1_Brokenleg_Van_Bockern.pdf

Bø, I. (2004). Ungdoms opplevelse av foreldreholdninger, nettverksstøtte og psykososiale problemer. Hvilke sammenhenger fins? Nordisk Pedagogik, 24(3), 227-236.

Egelund, T., Andersen, D., Hestbæk, A.-D., Lausten, M., Knudsen, L., Olsen, R. F. & Gerstoft, F. (2008). Anbragte børns udvikling og vilkår. København: SFI - Det Nationale Forskningscenter for Velfærd. Henta frå https://pure.vive.dk/ws/files/255110/0823_anbragte_boern.pdf

Eriksen, I. M., Sletten, M. A., Bakken, A. & von Soest, T. (2017). Stress og press blant ungdom. Erfaringer, årsaker og utbredelse av psykiske helseplager (NOVA Rapport 6/17). Henta frå http://www.hioa.no/Om-OsloMet/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/NOVA/Publikasjonar/Rapporter/2017/Stress-og-press-blant-ungdom

Helgeland, A. & Lund, I. (2018). "Det hjelper ikke å si ifra til de voksne"; Barn og unge stoler ikke på at voksne kan hjelpe når de blir utsatt for mobbing. Tidsskrift for psykisk helsearbeid, 15(2-3), 148-158. https://doi.org/10.18261/issn.1504-3010-2018-02-03-06

Helland, M. J. & Mathiesen, K. S. (2009). 13-15-åringer fra vanlige familier i Norge - hverdagsliv og psykisk helse (Rapport 2009:1). Henta frå https://www.fhi.no/publ/eldre/13-15-aringer-fra-vanlige-familier-/

Helsedirektoratet. (2014). Samfunnsutvikling for god folkehelse. Rapport om status og råd for videreutvikling av folkehelsearbeidet i Norge (IS-2203). Henta frå https://www.helsedirektoratet.no/search/_/attachment/inline/7bfe0795-9370-4fbf-af77-8be0e9b9d62f:79fbdd582d69872f95ecad2fefc3159c6dfed46a/Samfunnsutvikling%20for%20god%20folkehelse.pdf

Helseth, S., Christophersen, K.-A. & Lund, T. (2007). Helserelatert livskvalitet hos ungdom: kunnskap om helserelatert livskvalitet hos ungdom som grunnlag for tilnorming i skolehelsetjenesten.(Report). Nursing Science & Research in the Nordic Countries, 27(1), 15. https://doi.org/10.1177/010740830702700104

Juul, J. (1996). Ditt kompetente barn. På vei mot et nytt verdigrunnlag for familien. Oslo: Pedagogisk forum.

Kvello, Ø. (2015). Barn i risiko. Skadelige omsorgssituasjoner (2. utg.). Oslo: Gyldendal akademisk.

Lavik, K. O., Veseth, M., Frøysa, H., Binder, P.-E. & Moltu, C. (2018). What are “good outcomes” for
adolescents in public mental health settings? International Journal of Mental Health Systems, 12(1). https://doi.org/10.1186/s13033-018-0183-5

Madsen, O. J. (2018). Generasjon prestasjon - hva er det som feiler oss? . Oslo: Universitetsforlaget

Masten, A. S. (2014). Ordinary Magic. Resilience in Development. New York: The Guilford Press.

Moe, T. (2011). Motivasjon for fysisk aktivitet. I E. Martinsen (Red.), Kropp og sinn. Fysisk aktivitet - psykisk helse - kognitiv terapi (s. 197-215). Bergen: Fagbokforlaget.

Nes, R. B. (2010). Happiness in Behaviour Genetics: Findings and Implications. An Interdisciplinary Forum on Subjective Well-Being, 11(3), 369-381. https://doi.org/10.1007/s10902-009-9145-6

Nærbøe, J. (2011). «I 8.klasse er du villig til å gå over lik». Unge jenter beskrivelse av aggresjon, trakassering og mobbing på internett. Tidsskrift for psykisk helsearbeid, 8 (1).

Ogden, T. (2016). Sosial kompetanse og problemåtferd blant barn og unge. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS.

Olives, E., Forero, C., Maydeu-Olivares, A., Almansa, J., Palacio Vieira, J., Valderas, J., … Alonso, J. (2013). Environmental risk and protective factors of adolescents’ and youths’ mental health: differences between parents’ appraisal and self-reports. An International Journal of Quality of Life Aspects of Treatment, Care and Rehabilitation - Official Journal of the International Society of Quality of Life Research, 22(3), 613-622.

Otto, C., Haller, A.-C., Hölling, H., Bullinger, M. & Ravens-Sieberer, U. (2017). Risk and protective factors of health-related quality of life in children and adolescents: Results of the longitudinal BELLA study. PLoS ONE, 12(12), e0190363. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0190363

Reneflot, A., Aarø, L. E., Aase, H., Reichborn-Kjennerud, T., Tambs, K. & Øverland, S. (2018). Psykisk helse i Norge. Henta frå https://www.fhi.no/publ/2018/psykisk-helse-i-norge/

Schibbye, A.-L. L. & Løvlie, E. (2018). Du og barnet. Om å skape gode relasjoner med barn. Oslo: Universitetsforlaget

Seligman, M. (2007). Ekte lykke - Den positive psykologien. Steinkjer: Kaleidoskopet.

Seligman, M. & Csikszentmihalyi, M. (2000). Positive psychology. An introduction. The American psychologist, 55(1), 5-14. https://doi.org/10.1037/0003-066X.55.1.5

Skogen, J. C., Smith, O. R. F., Aarø, L. E., Siqveland, J. & Øverland, S. (2018). Barn og unges psykiske helse: Forebyggende og helsefremmende folkehelsetiltak. En kunnskapsoversikt (Rapport 2018). Oslo: Folkehelseinstituttet.

Sommerchild, H. (1998). Mestring som styrende begrep. I H. Sommerchild (Red.), Mestring som mulighet i møte med barn, ungdom og foreldre (s. 21-60). Oslo: Tano Aschehoug.

Sosial- og helsedirektoratet. (2007). Veileder for psykisk helsearbeid for barn og unge i kommunene. Oslo: Sosial- og helsedirektoratet.

Stickley, A., Koyanagi, A., Koposov, R., Blatny, M., Hrdlicka, M., Schwab-Stone, M. & Ruchkin, V. (2016). Loneliness and its association with psychological and somatic health problems among Czech, Russian and U.S. adolescents. BMC Psychiatry, 16(124). https://doi.org/10.1186/s12888-016-0829-2

Strandkleiv, O. I. (2005). Selvfølelse og selvtillit. Henta frå http://www.elevsiden.no/psykisk-helse/selvfolelse-og-selvtillit/

Thorvaldsen, S., Westgren, B. B., Egeberg, G. & Rønning, J. A. (2018). Mobbing, digital mobbing og psykisk helse hos barn og unge i Tromsø. Norges barnevern, 95(02-03). https://doi.org/10.18261/ISSN.1891-1838-2018-02-03-05

Kommentarfeltet er stengt.